Reparasjonar av hageredskap og småmaskiner
Vi tek imot alt frå småmotorar til enkle sveisejobbar.
Få nytt liv i det du har – før du kjøper nytt. Hos S&V Service AS handlar det om å reparere, ikkje erstatte. Vi hjelper deg med å halde maskinene dine i drift, slik at du slepp unødige kostnader og kast.
Praktiske reparasjonar for hage og heim
Når plenklipparen streikar, eller snøfresaren ikkje startar – då er det ikkje alltid behov for noko nytt. Ofte er det små delar, slitasje eller justering som skal til. Vi finn feilen, ordnar problemet og gir utstyret ditt fornya levetid.
Plenklipparar, snøfresar og motorsagar
Vi utfører service og reparasjon på småmaskiner for hage og uteområde.
Alt frå startsnorer og drivverk til knivar og motorjustering.
Sveisejobbar og små metallreparasjonar
Har du noko som har sprukke eller losna?
Vi sveiser, forsterkar og fiksar alt frå stativ og rammer til hageutstyr i metall.
Hage- og heimereiskap
Små reiskap, hengslar og festeordningar kan reddast med ein enkel reparasjon.
Vi ordnar ting som andre ville ha kasta.
Enkle mekaniske delar og slitedelar
Slitedelar som boltar, lager og fjører byttast raskt og rimeleg.
På den måten får du mykje meir ut av utstyret du alt har.